Hopp til innhald

Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå øya Irland.
Irland
Éire
Ireland
Adjektiv: irsk
Motto Éire go deo ('Irland for alltid')
Nasjonaldag 17. mars
Nasjonalsong «Amhrán na bhFiann»
Hovudstad Dublin
Offisielle språk irsk, engelsk
Flatevidd 69 797 km²
Folketal 5 149 139 (april 2022)[1]
Sjølvstende  
 •  Erklært 21. januar 1919
 •  Anerkjend 6. desember 1921
Styresett Republikk
 •  President Catherine Connolly[2]
 •  Taoiseach Micheál Martin
BNP 504 182 603 276 US-dollar (2021)[3]
HDI 0,945 (2021)[4]
Tidssone UTC
 •  Sommartid UTC +1
Valuta Euro
Telefonkode +353
ISO 3166-kode IE
Toppnivådomene .ie
Wikimedia Commons: Republic of Ireland

Irland, òg kalla Republikken Irland, er ein stat på øya Irland, utanfor den nordvestlege kysten av Europa.[a][b] Staten dekkar 5⁄6 av øya og grensar til Nord-Irland, som er ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Irland består av 26 av dei 32 grevskapa på øya Irland. Det har 5,1 millionar innbyggjarar (2022). Hovudstaden og den største byen er Dublin, på austsida av øya. Rundt 2,1 millionar innbyggjarar bur i storbyområdet Dublin.[7]

Republikken Irland har si einaste landgrens mot Nord-Irland, som er ein del av Storbritannia. Det er elles omringa av Atlanterhavet, med Keltarsjøen i sør, St George's Channel i søraust og Irskesjøen i aust.

Landet er ein einheitleg, parlamentarisk republikk.[8] Den lovgjevande makta, Oireachtas, består av to kammar: eit underhus, Dáil Éireann; eit overhus, Seanad Éireann; og ein vald president, Uachtarán. Presidenten fungerer primært som seremonielt statsoverhovud, men med nokre viktige fullmakter og plikter. Regjeringssjefen har tittelen Taoiseach (statsminister, bokstavleg ‘sjef’), og er vald av Dáil og utnemnd av presidenten. Vidare utnemnar taoiseachen statsrådane sine.

Den irske fristaten blei oppretta med dominionstatus i 1922, som følgje av den anglo-irske traktaten. I 1937 blei det vedteke ein ny grunnlov, der staten fekk namnet «Irland» og i praksis blei ein republikk, med ein vald ikkje-utøvande president. Staten blei offisielt erklært som republikk i 1949, etter lova om republikken Irland av 1948.[9]

Irland blei medlem av SN i 1955. Det blei medlem av Dei europeiske fellesskapa (EF), forløparen til Den europeiske unionen (EU), i 1973. Staten hadde ikkje formelle samband med Nord-Irland på det meste av 1900-talet, men i 1980- og 1990-åra samarbeidde dei britiske og irske styresmaktene med nordirske part for å løysa valden og konflikten i Nord-Irland (The Troubles). Etter underskrivinga av Belfastavtalen (også kjend som langfredagsavtalen) i 1998 har den irske regjeringa og den nordirske regjeringa samarbeidd om ei rekkje politiske område under Nord/Sør-ministerrådet, som blei oppretta som følgje av avtalen.

Irland er eit utvikla land med ein livskvalitet som er blant dei høgaste i verda; basert på metodikk og justeringar for ulikskap av Indeks for menneskeleg utvikling (HDI), rangert i 2021, som den sjette høgaste i verda, bak Noreg og framfor Sverige.[10]    Irland har òg eit velfungerande helsevesen, økonomisk fridom og pressefridom.[11][12]

Irland er medlem av EU, medlem og ein av grunnleggarane av Europarådet og medlem av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Den irske regjeringa har følgt ei politikk med militær nøytralitet gjennom alliansefridom sidan før den andre verdskrigen, og landet er følgjeleg ikkje medlem av NATO, sjølv om det er medlem av NATO-prosjektet Partnarskap for fred og nokre aspekt av PESCO. Den irske økonomien er avansert,[13] og eit av dei store finansielle knutepunkta i Europa er sentrert rundt Dublin. Det rangerar blant dei ti rikaste landa i verda både med omsyn til BNP og BNI per innbyggjar.[14][15][16]

Etter å ha slutta seg til EF vedtok regjeringa i landet ei liberal økonomisk politikk, og mellom 1995 og 2007 bidrog denne til å auka økonomisk vekst. Perioden er no ofte referert til som «den keltiske tigeren». Ei reversering i veksten følgde, med ein stor resesjon, og denne blei forverra av sprenginga av ein irsk eigedomsbobla: spekulasjon knytt til ei langsiktig prisauke på eigedom tidleg i 2000-åra.[17][18]

Namn og symbol

[endre | endre wikiteksten]
Det fyrste irske frimerket med dei fleste irske symbola.

I antikken omtala romarar øya som «Hibernia». Det irske namnet for øya Irland er Éire, avleidd frå Ériu, ei gudinne i irsk mytologi. Det engelske namnet er avleidd frå der irske igjen, Ire + land.[19] Dette namnet kom i bruk i samband med at anglo-normannarane erobra Irland på slutten av 1100-talet.[20]

Staten Irland blei oppretta i 1922, og bestod då av 26 av dei 32 grevskapa i Irland. Han var kjend som Den irske fristaten (Saorstát Éireann).[21] Den irske grunnloven blei vedteken i 1937, og slo fast at «namnet på staten er Éire, eller, på engelsk, Ireland». Styresmaktene i Storbritannia brukte namnet «Eire» (utan det diakritiske teiknet på fyrste bokstav) og, frå 1949 «Republikken Irland» for staten.[22] Det var ikkje før Belfastavtalen frå 1998, då regjeringa i Dublin gav opp kravet på Nord-Irland, at den britiske regjeringa byrja å kalla staten for Irland.[23]

Republikken Irland delar mange symbol med heile øya Irland. Desse omfattar fargen grønt («den grønne øya») og blått (fargen til nasjonalhelgenen Saint Patrick), dyr som irsk ulvehund og hjort, strukturar som rundtårn og keltiske krossar, og design som keltiske knutar og spiralar. Shamrock (irsk seamróg) er ein type kløver, og har vore eit nasjonalt symbol for Irland sidan 1600-talet, då det blei vanleg å bera det som eit symbol på Sankt Patrick-dagen. Desse symbola blir nytta av statlege institusjonar så vel som private organ i Irland.

Seglet til den irske presidenten, som inneheld ei harpe.

Det irske flagget er ein trikolor av grønt, kvitt og oransje. Utforminga av flagget stammar frå ei kulturell og politisk rørsla frå midten på 1800-talet kalla Young Ireland, men blei fyrst utbreidd under påskeopprøret i 1916. Fargane representerer den irsk-gæliske tradisjonen (grøn) og tilhengjarane til Vilhelm av Oranien i Irland (oransje), med kvitt som representerer strevet etter fred mellom dei.[24] Det blei teke i brukt som flagget til Den irske fristaten i 1922.

I likskap med nasjonalflagget har nasjonalsangen, Amhrán na bhFiann røtene sine i påskeopprøret, då songen blei sungen av opprørarane. Sjølv om han opphavleg blei gjeven ut på engelsk i 1912,[25] blei songen omsett til irsk i 1923, og den irskspråklege versjonen blir oftare sungen i dag.[25] Songen blei offisielt hymne for den irske fristaten i 1926.[26]

Det irske riksvåpenet, ei handharpe i gull på mørk blå botn, blei vedteke i 1945. Harpa har vore nytta som eit symbol for Irland sidan mellomalderen, og blir òg omtalt som Brian Boru-harpa, etter den irske kongen Brian Boru. Riksvåpenet har opphav som våpenskjoldet til dei irske monarkane, og blei registrert som våpen for kongen av Irland på 1100-talet. Frå sameininga av kronene til England, Skottland og Irland i 1603, har det irske symbolet vore nytta som ein del av ei firdeling av det kongelege våpenskjoldet til Storbritannia. I dag er dei dei det personlege våpenskjoldet til presidenten av Irland medan han er i embetet og blir nytta som presidentstandard. Harpesymbolet blir mykje brukt av staten for å markera offisielle dokument, irsk mynt og på seglet til den irske presidenten.

For meir om dette emnet, sjå Irsk geografi.
Topografien til Irland

Øya Irland har eit areal på 84 421 km². 83 % (cirka 5/6) av øya tilhøyrer republikken Irland. Øya har kyst mot Atlanterhavet i vest, mot North Channel i nordaust og mot Irskesjøen i aust. I søraust ligg St. George's Channel og i sørvest ligg Det keltiske havet. Den vestlege kysten av Irland består i stor del av klipper, bakkar og små fjell (det høgaste punktet er 1 038 meter høge Carrauntuohill).[27]  

I nord og vest er det forrivne oddar og bratte klippar som stupar i havet. Utanfor kysten ligg ei rekkje øyar, nokre av dei busette eller med gamle festningar og kloster. Nokre øyar er verna som fugleservat. Bergrunnen har ein god del kalkstein og kan ha store grottesystem. Forhistoriske vulkanar har blant anna danna dei uvanlege krystallinske formasjonane på Giant's Causeway i Antrim. Øya har spor etter istid i form av blant anna U-dalar, jettegrytter og morenar.[27] I midten av Irland er terrenget relativt flatt. Irland har ein del elver som Shannon, og ein del store sjøar.

Kring 14 % av arealet er dyrka mark, 71 % er beite og 5 % skog. Den sentrale delen av øya består av store kalksteinssletter omringa av ein broten fjellkjede. Kysten er nokså opppriven, og har fjordar i vest.[28]

Den største byen i Irland er hovudstaden Dublin ved austkysten, med 1 045 769 innbyggjarar; Cork med 190 384 innbyggjarer ligg i den sørlege delen; Limerick med 90 757 innbyggjarar ligg vest i landet; Galway med 72 729 innbyggjarar ligg ved vestkysten, og Waterford med 49 213 ligg ved den søraustlege kysten.[28]

Skog og myrer

[endre | endre wikiteksten]
Maskinell torvskjering i Connemara.

Irland hadde tidlegare betydelege eikeskoger som er forsvunne på grunn av overbeskatting. Planting av nåletre (som ikkje finst her naturleg) og lauvtre har til dels erstatta forsvunnen skog. Torvmyrer i landet har lenge vore kjelde til brensel i til dels stor skala. I 2000-åra byrja styresmaktene å stenga myrane for uttak av brensel fordi det er truleg at myrer som blir utnytta slik gjev frå seg store mengder drivhusgass. Etter istida var store delar av Midland dekke av innsjøar som gradvis blei fylte av restar av vegetasjon som blei omdanna til torv (peat) i dei våte omgjevnadane. Torvlaga har vore 5 til 12 meter tjukke.[27][29][30]

På grunn av omfattande utnytting er store delar av torvmyrene forsvunne. Irland har ikkje kol eller olje, og torv har vore brukt i staden. Tidlegare blei torv skoren for hand med spade, og toppsjiktet med levande vegetasjon blei lagt tilbake. I 1946 byrja Bord na Mona (torvutviklingsetaten) med maskinell utvinning, og områda blei etterlatne som svarte våtmarker. Dei øvste lagane blei selt gjennom hagesenter, medan djupare lag blei nytta til brensel, blant anna til produksjon av elektrisk straum. Kring 10 % av arealet til landet er torvmyrer. Berre Canada og Finland har større andel av torvmyr i landområdet sitt.[27][29][30]

Cliffs of Moher på vestkysten av Irland, ein mild, fuktig og vindfull stad.

Irland har eit maritimt klima, og er kraftig påverka av Atlanterhavet og Golfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så ulikt Storbritannia sitt, men har mindre temperaturvariasjonar og over 50 % meir nedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19 °C. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk som Wicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sumaren er etter måten kjølig med om lag same temperaturar som i Skottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperaturen ofte over 20 °C om sumaren.

Nedbøren spreier seg jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftig vind når vinterstormane frå vest fer forbi. Den turraste tida på året er seint på våren og tidleg om sumaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det turraste området av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762 mm, medan vestkysten av Irland har kring 1400–1500 mm. Det er sjeldan torevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har om lag ti tilfelle av torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.

For meir om dette emnet, sjå Irsk historie.

Forhistorisk tid

[endre | endre wikiteksten]
Dei store megalittiske strukturane ved Newgrange.

Dei fyrste spora etter menneskeleg nærvær i Irland er daterte til rundt 33 000 år sidan, med ytterlegare funn som daterer nærværet av Homo sapiens til rundt 10 500 til 7 000 f.Kr.[31] Rundt 9700 f.Kr. byrja dei arkeologiske periodane kjende som mesolittisk tid eller mellomsteinalderen (nomadiske samfunn av jegerar og samlarar), yngre steinalder eller neolittisk tid (bondesteinalderen) frå ca. 4000 f.Kr. og koparalderen (bearbeiding av metall) som byrja kring 2500 f.Kr. med klokkebegerkulturen. Den irske bronsealderen byrja rundt 2000 f.Kr. og enda med byrjinga av jernalderen og den keltiske hallstattkulturen rundt 600 f.Kr. Det finst ei mengd megalittiske monument spreidde over heile Irland, men særleg dei store steinalderkompleksa ved Newgrange held fram å imponera.[32]

Keltiske folkegrupper fekk makt over og slo seg ned på øya. Kongen etablerte sete i Tara i år 254. Til skilnad frå England (Britannia) blei ikkje Irland erobra av romarane.[28]

Keltisk kristendom

[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 300-talet e.Kr. hadde kristendomen byrja å gradvis underordna eller erstatta det eldre keltiske trussystemet (polyteisme). Heilage Patrick byrja tidleg på 400-talet å omvende folket på øya til kristendommen.[28]

På slutten av 600-talet hadde det det latinske alfabetet blitt innført saman med ei keltisk kristen kyrkje prega av klostersamfunn, og endra det irske samfunnet kraftig. Sankt Patrick er tradisjonelt blitt gjeven æra for å ha halde på og samla dei irske lovane, og berre endra dei som var i konflikt med kristen praksis. Han er òg kreditert for å ha introdusert det latinske alfabetet, som gjorde det mogleg for irske munkar å bevare delar av den omfattande munnlege litteraturen., sjølv om det ikkje er nokon direkte bevis som knyter Patrick til nokon av desse prestasjonane, og sogene om Patrick blei utvikla i hundreåra etter at han var død.[33] Den heilage Patrick er blitt ståande som irsk nasjonalhelgen fram til vår tid.[34][35] Irske munkar var ivrige misjonærar, og grunnla kloster i blant anna St. Gallen og dei reiste heilt aust til Dnjepr. Book of Kells (Kellsboka) blei til på 700- og 800-talet. Denne tida før vikingane byrja hærtoga sine blir rekna som ein gullalder og er viktig i den irske nasjonalkjensla.[28]

Vikingtid og mellomalder

[endre | endre wikiteksten]
Tradisjonell irsk kross ved Cashel kyrkjeruin.

Det fyrste registrerte angrepet frå vikingar i irsk historie skjedde i år 795, då sjøfarande folk i langskip med opphav i Noreg var på plyndringstokt på øya.[28] Tidlege vikingåtak var generelt kortvarige og små i omfang. Frå 837 pågjekk det regulær innvandring frå nord. Irske annalar frå 841 fortel at dei framande heldt til i den befesta byen Dyflinn (Dublin). Rundt 850 var det strid mellom danske og norske styrkar om herredømet. Norrøne folk under Olav kvite sigra i 853, og etablerte Dublin-riket. Dei norrøn-irske innbyggjarane i Dublin heldt stillinga og heldt på sjølvstendet til byen fram til 1170, då anglo-normannarar frå England byrja å erobra Irland.[36][28]

Desse tidlege åtaka markerte byrjinga på to hundreår med periodisk krigføring, med bølgjer av vikingangriparar som plyndra kloster og byar over heile Irland. Dei norrøne folka slo seg etter kvart ned i befesta busetjingar i nokre område, og oppretta dei fyrste urbane sentera som blei til dei fyrste byane på Irland i løpet av 900-talet. Desse områda var særleg Dublin, Waterford, Limerick, Cork og Wexford, og bidrog til omfattande utvikling som førte til ei endring av det irske samfunnet, blant anna med innføringa av ein pengeøkonomi. Resten av Irland blei verande hovudsakleg ruralt, og hadde ein blanda jordbruksøkonomi.[37] I 1014 sigra Brian Boru over nordmennene ved slaget ved Clontarf, og blei ein nasjonalhelt.[28]

Engelsk erobring

[endre | endre wikiteksten]

I 1169 byrja den anglo-normanniske invasjonen av Irland. Dette innleia ein periode på over 800 år då England var sterkt involvert i styret av øya. I 1170 bygde engelske styresmakter ein mur rundt Dublin, og Henrik II gjorde Irland til ein koloni. I 1177 blei Ulster erobra av John de Courcy. Stillinga til kyrkja blei styrka, og den irske kyrkja blei organisert etter retningslinjer frå Roma. Den normanniske innverknaden viste seg blant anna ved overgang frå enkle romanske kyrkjebygg til høgreiste gotiske. Kilkenny-vedtektene av 1366 forbaud irar å gifta seg med normannarar; irsk klesdrakt, språk, namn og skikkar blei forbodne. Engelske innvandrar blei delvis integrerte i irsk kultur, slik at ein i London blei uroa for at dei blei meir irske enn engelske. Thomas FitzGerald, 10. jarl av Kildare, gjorde opprør mot Henrik VIII av England, og blei avretta. Henrik beslagla eigedomane til dei opprørske adelsmennene i Irland og delte dei ut til protestantiske tilflyttarar frå England og Skottland.[27][28] Frå 1541 tok den engelske monarken direkte kontroll, og Henrik VIII forbaud katolske gudstenester og forfølgde katolske prestar.[28] Eit betydeleg tal nybyggjarar frå England og Skotland reiste over. Dette førte til at den gamle adelen blei pressa ut, og til at det oppstod ei religiøs konflikt mellom dei protestantiske nybyggarane og dei katolske irane. Denne konflikten har sidan vore eit gjennomgangstema i irsk historie.

Under Cromwell fekk irane og den katolske kyrkja avgrensa rettane sine, og den anglikanske kyrkja blei statskyrkje. Betydelege delar av landjorda blei etter kvart konfiskerte, og på 1700-talet var 5 % av jorda eigd av katolikkar, medan godseigarar var protestantar og budde til dels i England. Dette godssystemet var generelt hardt, og medverka til å halda jordbruket på øya nede.[38]

Krav om sjølvstyre

[endre | endre wikiteksten]

Irland fekk sitt eige parlament, og hadde eit avgrensa sjølvstyre der makta låg i anglo-irske, protestantiske hender, medan den katolske majoriteten ikkje hadde stemmerett. I 1801 blei øya innlemma i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland gjennom ein parlamentarisk union. Det irske parlamentet vedtok å avskaffa seg sjølv. Irland fekk då hundre sete i underhuset i London.

Frå unionsloven 1. januar 1801 til 6. desember 1922 var øya Irland ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Daniel O'Donnell var leiar for den nasjonale rørsla tidleg på 1800-talet. I 1829 fekk irane tilbake ein del borgarrettar, blant anna blei dei valbare til parlamentet. Under den store hungersnauda frå 1845 til 1849 fall folkesetnaden på øya på over 8 millionar med 30%. Ein million irar døydde av svolt og sjukdom, og endå 1,5 million emigrerte, hovudsakleg til USA.[39] Dette prega mønsteret for utvandring for det neste hundreåret, noko som resulterte i konstant befolkningsnedgang fram til 1960-åra.[40][41][42]

Frå 1874, og særleg under Charles Stewart Parnell frå 1880, blei det irske parlamentariske partiet leiande. Dette var for det fyrste gjennom utbreidd agitasjon via Irish Land League, som vann jordreformer for leietakarar i form av dei irske landlovane, og for det andre gjennom forsøk på å oppnå sjølvstyre, via to mislykka lovforslag som ville gje Irland avgrensa nasjonal autonomi. Desse førte til kontroll av nasjonale saker på «grasrotnivå», under Loven om lokalt styre av 1898,[43] som hadde vore i hendene på jordeigardominerte storjuryar, kontrollert av dei jordeigande utleigarane i den protestantiske herredømmet.[44] På første del av 1800-talet vaks den nasjonale rørsla på øya med krav om sjølvstyre og bevaring av det irske språket. Slike nasjonale rørsler fanst over store delar av Europa på den tida. På slutten av 1800-talet blei det arbeidd for å redda det irske språket. Irish Republican Brotherhood blei skipa i 1858, og spelte ei viktig rolle ved påskeopprøret i 1916. Sinn Fein blei etablert tidleg på 1900-talet under Andrew Griffith, og partiet gjekk då inn for passiv motstand og etableringa av eit parlament i Dublin.[38]

Sjølvstyret (Home Rule) virka sikkert då Loven om parlamentet av 1911[45] avskaffa vetoretten til Overhuset, og John Redmond sikra den tredje lova for sjølvstyre i 1914.[46] Unionistrørsla hadde likevel vokse sidan 1886 blant irske protestantar etter innføringa av den fyrste loven for sjølvstyre ved at dei frykta diskriminering og tap av økonomiske og sosiale privilegium dersom irske katolikkar oppnådde reell politisk makt. På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var unionismen særleg sterk i delar av Ulster, der industrialisering var meir utbeidd i motsetnad til resten av øya, som var prega av tradisjonelt landbruk. I nord var òg den protestantiske folkesetnaden meir framtredande, med fleirtal i fire grevskap.[47]

Under leiing av dei adelege Edward Carson frå Irish Unionist Party og James Craig frå Ulster Unionist Party, blei unionistane sterkt militante, og danna Ulster Volunteers for å stå imot «tvangen av Ulster» (The Coercion of Ulster).[48] Sjølv om lova fekk kongelege samtykke og blei plassert i lovbøkene i 1914, blei innføringa av den tredje loven om sjølvstyre suspendert til etter den fyrste verdskrigen, som desarmerte trugselen om borgarkrig i Irland. Med von om å sikre gjennomføringa av lova då krigen slutta gjennom irsk engasjement i krigen, støtta Redmond og dei irske nasjonale frivillige Storbritannia og dei allierte. 175 000 menn slutta seg til irske regiment i den britiske hæren.[49]

Irsk opprør og sjølvstende

[endre | endre wikiteksten]
Proklamasjonen om irsk republikk under påskeopprøret i 1916.

Resten av Irish Volunteers, som avviste Redmond og motarbeidde all støtte frå Storbritannia, starta eit væpna opprør mot britisk styre i påskeopprøret i 1916, saman med Irish Citizen Army. Opprøret byrja den 24. april 1916 med ei erklæring om sjølvstande.[49] Etter ei veke med tunge kamper, fyrst og fremst i Dublin, blei dei overlevande opprørarane tvinga til å overgje posisjonane sine. Fleirtalet blei fengsla, med femten av fangane (blant anna dei fleste av leiarane) blei avretta som landssvikarar mot Storbritannia. Dette omfatta òg Patrick Pearse, talsmannen for opprøret og som gav signalet til dei frivillege om å starta opprøret, og James Connolly, ein sosialist og grunnleggjaren av fagforeininga Industrial Workers of the World og både dei irske og skotske arbeidarrørslene. Verneplikt blei utløyst ved at dei britiske styresmaktene la fram lov om å innføra ålmenn verneplikt i Irland i april 1918. Ein kraftig opposisjon blei leia av fagforeiningar, irske nasjonalistparti og katolske biskopar og prestar. Det blei vedteke ein vernepliktslov, men han blei aldri sett i kraft, og ingen irar blei innkalla til den britiske hæren. Desse hendingane hadde ein djupgående effekt på å endra opinionen i Irland mot den britiske regjeringa.[50]

Den irske republikkenen, som blei oppretta i 1919, tilbakedaterte proklamasjonen sin til påskeopprøret.

I 1922, etter den irske sjølvstendekrigen, blei øya delt i to. I nord oppstod Nord-Irland, ein britisk provins som med unntak av perioden 1971-1998 har hatt avgrensa sjølvstyre. Området har heile tida hatt politiske og religiøse konfliktar, og særleg i perioden 1968-1997 var det omfattande valdsbruk som òg spreidde seg til Storbritannia og den sørlege delen av øya. I sør oppretta britane Sør-Irland, medan irane oppretta Den irske republikken. Med den anglo-irske traktaten blei den sørirske staten så til Den irske fristaten (Eire). I 1949 blei Eire heilt sjølvstendig som den irske republikken.

Andel av folkesetnaden som talar irsk dagleg (utanfor utdanningssystemet) ved folketeljinga for 2011.

Irsk og engelsk er offisielle språk i landet.[28]

Den irske grunnloven skildrar irsk som «nasjonalspråket» og «det fyrste offisielle språket», men engelsk («det andre offisielle språket») er likevel det dominerande språket i landet. Ved folketeljinga i 2016 sa omtrent 1,75 millionar menneske (40 % av folkesetnaden) at dei var i stand til å snakka irsk, men av dei snakka berre under 74 000 det på dagleg basis.[51] Irsk blir tala som minoritetsspråk i eit lite tal landlege område, hovudsakleg vest og sør i landet, som saman er kjende som Gaeltacht. Bortsett frå i desse regionane er vegskilt vanlegvis tospråklege.[52] Dei fleste offentlege meldingar og trykte medium er berre på engelsk. Sjølv om staten offisielt er tospråkleg, kan innbyggjarane ofte slita med å få tilgang til statlege tenester på irsk, og dei fleste offentlege publikasjonane er ikkje tilgjengelege på begge språka, sjølv om innbyggjarane har rett til å forholda seg til staten på irsk. Irskspråklege medium er blant anna TV-kanalen TG4, radiostasjonen RTÉ Raidió na Gaeltachta og nettavisen Tuairisc.ie. I dei irske forsvarsstyrkane er alle kommandoar for fot- og armøvingar gjevne på irsk.

Som eit resultat av immigrasjon er polsk det mest tala språket i Irland etter engelsk, med irsk som det tredje mest tala.[53] Fleire andre sentraleuropeiske språk (tsjekkisk, ungarsk og slovakisk) og baltiske språk (litauisk og latvisk) blir òg snakka på dagleg basis. Andre språk som vert snakka i Irland er blant anna shelta, som blir tala av paveefolk (irske reisandefolk), og ein dialekt av skotsk blir snakka av nokre ulsterskottar i Donegal.[54]

Irland har tradisjonelt hatt 26 fylke (county), som framleis vert brukt kulturelt, historisk og i idrett. Etter omorganisering har Dublin vore delt opp i 4 fylke og Tipperary har blitt til to fylke. Totalt har republikken Irland 30 fylke.

Dei største byane og urbane sentera i republikken Irland ved folkesetnad (folketelling 2022)[55]
Nr. Namn Folkesetnad Nr. Namn Folkesetnad
1 Dublin 1 263 219 11 Ennis 27 923
2 Cork 222 526 12 Carlow 27 351
3 Limerick 102 287 13 Kilkenny 27 184
4 Galway 85 910 14 Naas 26 180
5 Waterford 60 079 15 Tralee 26 079
6 Drogheda 44 135 16 Newbridge 24 366
8 Dundalk 43 112 17 Balbriggan 24 322
7 Swords i Dublin 40 776 18 Portlaoise 23 494
9 Navan 33 886 19 Athlone 22 869
10 Bray 33 512 20 Mullingar 22 667

Kulturen i Irland var i fleire hundreår hovudsakleg irsk-gælisk, og landet er framleis ein av dei seks viktigaste keltiske nasjonane. Irland hadde sitt eige alfabet, ogham, som gradvis blei avløyst av det latinske som kom til landet rundt år 400 med kristne misjonærer.[27] Etter den anglo-normanniske invasjonen på 1100-talet, og gradvis engelsk erobring og kolonisering frå 1500-talet, blei Irland påverka av engelsk og skotsk kultur. Etter dette deler den irske kulturen, sjølv om han skil seg i mange aspekt, kjenneteikn med resten av anglosfæren (dei delane av verda der ein talar engelsk), det katolske Europa og andre mindre keltiske regionar. Den irske diasporaen (irar som har utvandra til andre delar av verda), ein av dei største og mest spreidde i verda, har bidratt til globaliseringa av irsk kultur, og produsert mange leiande skikkelsar innan kunst, musikk og vitskap.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
W.B. Yeats (1865-1939)

Irland har bidrege til verdslitteraturen på både engelsk og irsk. Moderne irsk skjønnlitteratur byrja i 1726, med utgjevinga av romanen Gullivers reiser av Jonathan Swift. Andre forfattarar av tyding på 1700-talet og deira mest oppsiktsvekkjande verk omfattar mellom anna Laurence Sterne med utgjevinga av Herr Tristram Shandys liv og meninger (ni bind, 1759-1767), og Oliver Goldsmith med The Vicar of Wakefield (1766). Ei rekkje irske romanforfattarar dukka opp i løpet av 1800-talet, mellom anna Maria Edgeworth, John Banim, Gerald Griffin, Charles Kickham, William Carleton, George Moore og forfattarkollektivet Somerville & Ross (Edith Somerville og Violet Florence Martin). Bram Stoker er best kjend som forfattaren av romanen Dracula frå 1897.[27]

I 1922 gav James Joyce ut det mest kjende verket sitt Ulysses, som er ei tolking av Odysseen sett i Dublin. Edith Somerville heldt fram med å skriva etter at partnaren Violet Florence Martin døydde i 1915. Annie M.P. Smithson frå Dublin var ein av fleire forfattarar som gav ut populære kjærleiksromanar i 1920- og 1930-åra. Etter andre verdskrigen blei det gjeve ut populære romanar av blant anna Brian O'Nolan, som gav ut som Flann O'Brien, Elizabeth Bowen og Kate O'Brien. I løpet av dei siste tiåra av 1900-talet kom Edna O'Brien, John McGahern, Maeve Binchy, Joseph O'Connor, Roddy Doyle, Colm Tóibín og John Banville i framgrunnen som romanforfattarar.

Patricia Lynch var ein produktiv forfattar av bøker for barne- og ungdom på 1900-talet. I same sjanger var verka til Eoin Colfers betydelege bestseljarar på byrjinga av 2000-talet, særleg bokserien Artemis Fowl.[56] I sjangeren noveller og kortprosa, som er ei form mange irske forfattarar har valt, finst blant anna leiande forfattarar Seán Ó Faoláin, Frank O'Connor og William Trevor. Kjende irske diktarar er blant anna Patrick Kavanagh, Thomas McCarthy, Dermot Bolger og nobelprisvinnarane i litteratur William Butler Yeats og Seamus Heaney (fødd i Nord-Irland, men busett i Dublin). Leiande irskspråklege forfattarar er Pádraic Ó Conaire, Máirtín Ó Cadhain, Séamus Ó Grianna og Nuala Ní Dhomhnaill.

Historia til irsk teater byrja med utbygginga av den engelske administrasjonen i Dublin på byrjinga av 1600-talet. Etter dette har Irland gjeve betydelege bidrag til engelskspråkleg drama. I den tidlege historia si hadde teateroppsetjingar i Irland ein tendens til å tena politiske føremál, men etter kvart som det blei opna fleire teater og interessa for populære førestillingar voks, blei underhaldningsutvalet meir mangfaldig. Mange Dublin-baserte teater utvikla samband til sine teater i London, og britiske produksjonar fann ofte vegen til den irske scenen. Men dei fleste irske dramatikarar drog til utlandet for å etablera seg. På 1700-talet var Oliver Goldsmith og Richard Brinsley Sheridan to av dei mest suksessrike dramatikarane på scenen i London. På byrjinga av 1900-talet byrja teaterkompani som var vigde til å setja opp irske skodespel og utviklinga av forfattarar, regissørar og utøvarar å dukka opp, noko som let mange irske dramatikarar læra faget og etablera eit rykte i Irland framfor i Storbritannia eller USA. Etter tradisjonen til anerkjente utøvarar, hovudsakleg Oscar Wilde, nobelprisvinnarane i litteratur George Bernard Shaw (1925) og Samuel Beckett (1969), har dramatikarar som Seán O'Casey, Brian Friel, Sebastian Barry, Brendan Behan, Conor McPherson og Billy Roche hatt populær suksess.[57] Andre irske dramatikarar frå 1900-talet er blant anna Denis Johnston, Thomas Kilroy, Tom Murphy, Hugh Leonard, Frank McGuinness og John B. Keane.

Filmindustrien i Irland får statsstøtte frå Bord Scannán na hÉireann. Dette har hjelpt regissørar som Neil Jordan og Jim Sheridan, og støtta irske filmar som Intermission av John Crowley og Breakfast on Pluto av Neil Jordan. Ein politikk med skattelett og andre initiativ har òg ført til at internasjonal film har kome til Irland, blant anna Mel Gibson sin historiske film Braveheart og Steven Spielberg sin krigsfilm Saving Private Ryan.

Utdjupande artiklar for dette emnet er irsk musikk og irsk folkemusikk.

Thin Lizzy, eit populært irsk hardrockband skipa i 1969.
Unge irske dansarar som opptrer på eit show.

Irsk musikk er særleg kjent for folkemusikk, The Chieftains (etablert 1963)[58] var den fyrste gruppa som nådde ut til eit yngre og eit internasjonalt publikum på 1900-talet. The Clancy Brothers og The Dubliners blei skipa på omtrent same tid.[27][59][60] The Clancy Brothers verka blant anna i folke-miljøet i New York då den unge Bob Dylan dukka opp. Dylan var ein ivrig fan og elev av dei litt eldre irane.[61][62][63][64]

Irsk tradisjonell folkemusikk har halde seg levande, til trass for globaliserande kulturelle krefter, og har halde på mange tradisjonelle aspekt. Han har påverka ulike musikksjangrar, som amerikansk country- og rootsmusikk, og til ein viss grad moderne rock. Han har tidvis blitt blanda med stilar som rock and roll og punkrock. Irland har òg hatt fleire internasjonalt kjende kunstnarar innan andre sjangrar, som rock, pop, jazz og blues. Den mestseljande musikalske eksporten til landet er rockebandet U2, som har selt 170 millionar eksemplarar av albuma sine over heile verda sidan gruppa blei skipa i 1976.[65]

Det finst ei rekkje klassisk musikkensemble rundt om i Irland, til dømes RTÉ Performing Groups, tilknytt den statlege allmennkringkastaren Raidió Teilifís Éireann. Irland har òg to operaorganisasjonar: Irish National Opera i Dublin, og den årlege Wexford Opera Festival, som promoterer mindre kjende operaer, og som går føre seg i oktober og november. Irske komponistar innanfor klassisk musikk er blant andre Turlough O'Carolan, John Field, Gerald Barry, Michael William Balfe, Charles Villiers Stanford og Charles Wood.

Irsk dans kan grovt sett delast inn i selskapsdans og profesjonell dans (som ballett). Irsk selskapsdans kan delast inn i céilí og kvadrilje. Irske kvadriljar blir dansa av fire par arrangert i ein firkant, medan céilí-danser blir dansa av varierte formasjonar av par på 2 til 16 personar. Det er òg mange stilistiske skilnadar mellom desse to formene. Irsk selskapsdans er ein levende tradisjon, og det finst variasjonar av særskilde dansar over heile landet. Nokre stadar blir dansar bevisst modifiserte og nye dansar koreograferte. Profesjonell dans er tradisjonelt referert til som steppedans. Irsk steppedans (step dance), som blei popularisert av showet Riverdance, er kjent for raske fotrørsler, med kroppen og armane stort haldne i ro. Det same dansa solo er generelt prega av ein kontrollert, men ikkje stiv overkropp, strake armar og raske, presise fotrørsler. Solodansane kan anten vera i «mjuk sko» eller «hard sko».[66]

Arkitektur

[endre | endre wikiteksten]
Ruinene av Monasterboice i Louth er frå tidlege kristne busetningar.
Dublin Custom House er ein nyklassisistisk bygning frå slutten av 1700-talet.

Irland har ei mengd oldtidsmonument og strukturar,[67] som overlever i ulike tilstandar av bevaring. Frå yngre steinalder finst strukturar som Brú na Bóinne, Poulnabronedyssen, Castlestrange-steinen, Turoe-steinen og Drombeg-steinsirkelen.[68] Ettersom Irland aldri var ein del av Romarriket, er gammal arkitektur i gresk-romersk stil ekstremt sjeldan, i motsetnad til det meste av Vest-Europa. Landet hadde i staden ein lengre periode med jarnaldararkitektur.[69] Det høge rundtårnet oppstod i tidleg mellomalder.

Med kristendomen kom enkle klosterhus bygde i stein, på stadar som Clonmacnoise, Skellig Michael og Inis Cathaigh (Scattery Island). Ein har merka seg ein stilistisk likskap mellom desse dobbeltklostera (kloster for både munkar og nonner) og tilsvarande koptiske kloster i Egypt.[70] Irsk-gæliske kongar og adelsmenn busette seg i ringborger eller i crannógar.[71] Kyrkjereformer på 1100-talet via cisterciensarordenen stimulerte kontinental innverknad, med dei romanske klostera Mellifont, Boyle og Tintern.[72] Den gæliske busetninga hadde vore avgrensa til dei monastiske urbyane (bosetningar rundt kloster), slik som Kells, der det noverande gatemønsteret til ein viss grad er bevart i den opphavlege sirkulære busetnaden.[73] Det blei fyrst utvikla urbane busetningar etter perioden med innvandring og busetningar frå norrøne folk som kom som vikingar.[71] Dei store irsk-norrøne longphuirt låg ved kysten som hamnebusetndear, men med mindre busetnader i innlandet har fått namn etter dei, til dømes Longford.[74] Desse hamnebusetnadane, som Dublin, utvikla seg til byar med pengeøkonomi.

Anglo-normannarane bygde massive festningar på slutten av 1100-talet, som Dublin Castle og Kilkenny Castle,[75] og innførte konseptet med planlagde handelsbya med forsvarsmurar. Desse fekk juridisk status og fleire rettar ved tildeling av eit charter i samsvar med engelsk føydalisme. Chartera styrte spesifikt utforminga av desse byane.[76] To betydelege bølgar av planlagt bydanning følgde, den fyrste var byane frå 1500- og 1600-talet med engelske busetjarar, som blei brukte som ein mekanisme for dei engelske tudorkongane for å undertrykkja lokale irske opprør, følgd av godseigarbyar på 1700-talet.[76] Blant dei planlagde normanniske byane er blant anna Drogheda og Youghal; busetjarbyar er Portlaoise og Portarlington; godt bevarte planlagde byar frå 1700-talet er blant anna Westport og Ballinasloe. Desse planlagde urbane busetnadane utgjer fleirtalet av dagens irske byar over heile landet.

Gotiske katedraler, som St Patrick-katedralen i Dublin, blei òg introdusert av normannane.[77] Fransiskanarordenen var dominerande i regi av kloster i seinmellomalderen, medan elegante tårnhus, som Bunratty Castle, blei bygde av den irsk-gæliske og normanniske adelen.[78] Mange religiøse bygningar blei øydelagde med oppløysinga av klostera.[79] Etter gjeninnføringa av det engelske monarkiet etter at Oliver Cromwell var død feide arkitekturtypar som palladianisme og rokokko, særleg gods og herregardar, gjennom Irland under initiativ av Edward Lovett Pearce, med Parliament House, parlamentsbygningane i Dublin (fram til 1803) som det viktigaste.[80]

Med oppføringa av bygningar som The Custom House, Four Courts, General Post Office og King's Inns (den eldste jusskulen i Irland), bløma dei nyklassistiske og georgiske stilane, særleg i Dublin. Georgianske rekkehus gav gatar eit einestående særpreg, særleg i Dublin, Limerick og Cork. Etter den katolske emansipasjonen dukka det opp katedralar og kyrkjer påvirka av den franske nygotikken, som St Colmans-katedralen og Saint Fin Barre-katedralena.[80] Irland har lenge vore assosiert med hytter med stråtak, som i dag blir rekna som særs sjarmerande.[81]

Frå og med den amerikansk-designa art deco-kyrkja ved Turners Cross i Cork i 1927, følgde irsk arkitektur den internasjonale trenden mot moderne og elegante byggestilar sidan 1900-talet.[81] Andre utviklingar er blant anna regenerering av Ballymun, ein forstad til Dublin, og ei urban utviding av Dublin ved Adamstown.[82] Sidan etableringa av Dublin Docklands Development Authority, ein byplanleggingsinstitusjon i 1997, gjekk området Dublin Dockland gjennom storstilt ombygging, som omfatta bygginga av Convention Centre Dublin og Bord Gáis Energy Theatre.[83] Capital Dock i Dublin, som stod ferdig i 2018, er den høgaste bygningen i republikken Irland med ei høgd på 79 meter og 22 etasjer (Obel Tower på 85 meter i Belfast i Nord-Irland er den høgste på øya Irland). Royal Institute of the Architects of Ireland (RIAI) regulerer arkitekturpraksis i den irske staten.[84]

Irsk mat og drikke

[endre | endre wikiteksten]
Ein pint med Guinness

Irsk matlaging er tradisjonelt basert på kjøt og mjølkeprodukt, supplert med grønsaker og sjømat. Eit døme på populære irske matrettar er blant anna boxty (potetpannekake), colcannon (potetstappe og kokt kål; omtalt i folkesangen «Colcannon» frå 1800-talet), coddle (resemat av pølse, flask og potet, med lauk, salt, pepper og urter), stew (lapskaus med lammekjøt og poteter) og bacon og kål (irsk bagún agus cabáiste), som ein av dei mest tradisjonelle irske kvardagsmiddagane.[85][86][87] Irland er kjent for den fulle irske frukosten, som inkluderer steikt eller grilla mat. Frukosten består vanlegvis av baconskiver, egg, pølse, blodpudding og steikt tomat.

Bortsett frå påverknaden frå europeiske og internasjonale matretter, har det vore ei framvekst av eit nytt irsk kjøkken basert på tradisjonelle ingrediensar handsama på nye måtar.[88] Dette kjøkkenet er basert på ferske grønsaker, fisk, østers, blåskjel og andre skaldyr, og det breie utvalet av handlaga ostar som no blir produserte over heile landet. Skaldyr har auka i popularitet, særleg på grunn av skaldyr av høg kvalitet som er tilgjengelege frå den lange irske kystlinja. Dei mest populære fiskeartane er blant anna laks og torsk. Tradisjonelle brød er natronbrød[89] og kveitebrød. Barmbrack, ofte forkorta til brack, er eit gjæra brød med korintar[90] og rosiner som tradisjonelt blir ete på halloween.[91]

Populære drikkar til kvardags blant irar er særleg te og kaffi. Alkoholhaldige drikkar knytte til Irland er blant anna poitín (irsk heimebrent) og det verdskjende ølslaget Guinness, som er ein tørr stout med opphav i bryggeriet til Arthur Guinness ved St. James's Gate i Dublin.[27] Irsk whiskey er òg populær over heile landet og kjem i ulike former, òg som single malt, single grain og blended whisky.

Gælisk fotball er ein av dei mest populære idrettane i Irland.

Gælisk fotball (Peil Ghaelach) og hurling er tradisjonelle irske idrettar i Irland, så vel som populære tilskodarsportar.[92] Dei blir administrert av Gaelic Athletics Association på heile den irske øya. Andre gæliske kamper organisert av laget er gælisk handball og rounders, sistnemnde blei importert frå England i tudortida.[93]

Fotball er den tredje mest populære tilskodarsporten, og har det høgaste nivået av deltaking.[94] Sjølv om League of Ireland er den nasjonale ligaen, er engelske Premier League den mest populære blant publikum.[95] Det irske herrelandslaget i fotball spelar på internasjonalt nivå og blir administrert av det irske fotballforbundet.[96] Det irske kvinnelandslaget i fotball tok del i den fyrste verdsmeisterskapen sin i 2023.[97][98]

Irish Rugby Football Union er det styrande organet for rugby union, som blir spelt på lokalt og internasjonalt nivå, på for heile Irland. Det har ført fram spelarar som Brian O'Driscoll og Ronan O'Gara, som var på laget som vann Grand Slam for seksnasjonsturneringa i 2009.[99]

Suksessen til det irske cricketlaget i verdmeisterskapen i cricket i 2007 førte til ein auka i populariteten til cricket, som blir administrert for heile Irland av Cricket Ireland.[100] Irland er ein av dei tolv testspelande medlemmane i International Cricket Council, etter å ha fått teststatus i 2017. Det blir spelt profesjonelle innanlandskampar mellom dei store cricketforbunda i Leinster, Munster, Northern og North West.[101]

Nettball er representert av det irske landslaget i nettball.[102]

Golf er ein annan populær sport i Irland, med over 360 golfbanar over heile landet.[103] Landet har ført fram fleire internasjonalt suksessrike golfspelarar, som Pádraig Harrington, Shane Lowry og Paul McGinley.

Hesteveddeløp har ein stor plass i landet, med viktig avl og konkurranseverksemd. Det blir halde kappløp på banar som Curragh Racecourse i grevskapet Kildare og Leopardstown Racecourse like utanfor Dublin. Det er blitt avla fram irske meisterhestar som Galileo, Montjeu og Sea the Stars.

Boksing er ein av dei mest suksessrike irske idrettane på olympisk nivå. Boksing, som er administrert av Irish Athletic Boxing Association for heile Irland, har fått auka popularitet som resultat av den internasjonale suksessen til boksarar som Bernard Dunne, Andy Lee og Katie Taylor. Sistnemnde representerte Irland under sommar-OL 2012 i London, der ho tok gull.[104]

Nokre av dei beste utøvarane i Irland innan friidrett har konkurrert ved dei olympiske leikane, som Eamonn Coghlan og Sonia O'Sullivan. Det årlege Dublin Marathon og Dublin Women's Mini Marathon er to av dei mest populære friidrettsarrangementa i landet.[105]

  1. ↑ irsk: Éire[5]
  2. ↑ Irsk: Poblacht na hÉireann[6] Artikkel 4 i Irlands grunnlov erklærer at navnet på staten er Ireland (Irland); seksjon 2 i Republic of Ireland Act 1948 erklærer at Republic of Ireland (Republikken Irland) er statens beskrivelse.
  1. ↑ «Press Statement Census of Population 2022 - Summary Results».
  2. ↑ «Catherine Connolly sworn in as Ireland's president on day of pomp and celebratione».
  3. ↑ «GDP (current US$)». Verdsbanken. Henta 26. august 2023.
  4. ↑ «Human Development Report». 2022.
  5. ↑ «Éire / Ireland», Placenames Database of Ireland
  6. ↑ «1916 Proclamation» Arkivert 24. oktober 2023 på Wayback Machine., Firstdail.com
  7. ↑ Population and Migration Estimates, April 2018, Central Statistics Office, 28. august 2018
  8. ↑ Prakke, L.; Kortmann, C.A.J.M.; Brandhof, J.C.E. van den (2004): Constitutional Law of 15 EU Member States, Deventer: Kluwer, ISBN 9013012558; s. 429. Sitat: «Since 1937 Ireland has been a parliamentary republic, in which ministers appointed by the president depend on the confidence of parliament»
  9. ↑ «Republic of Ireland Act 1948», dokumentar fra 2013 RTÉ Radio 1
  10. ↑ Inequality-adjusted Human Development Index
  11. ↑ Human Development Report 2020 (PDF), HDRO (Human Development Report Office), FNs utviklingsprogram. s. 343. Arkivert fra originalen den 15. desember 2020
  12. ↑ Henry, Mark (2021): In Fact An Optimist's Guide to Ireland at 100. Dublin: Gill Books. ISBN 978-0-7171-9039-3. OCLC 1276861968.
  13. ↑ Brennan, Joe (22. januar 2018): «Ireland is world's eighth-most 'inclusive' advanced economy», The Irish Times.
  14. ↑ «’Leprechaun Economics’ Earn Ireland Ridicule, $443 Million Bill», Bloomberg L.P. 13. juli 2016.
  15. ↑ Paul, Mark (13. juni 2018): «Ireland is the world's biggest corporate ’tax haven’, say academics», The Irish Times. Sitat: «New Gabriel Zucman study claims State shelters more multinational profits than the entire Caribbean»
  16. ↑ «Country Comparison: GDP – per capita (PPP)», World Factbook. Central Intelligence Agency. Arkivert fra originalen 19. november 2011
  17. ↑ «Ireland's housing crisis: Millennials, a generation sacrificed», Euronews, 6. juli 2023
  18. ↑ Nicoll, Ruaridh (10. mai 2009): «End of the Road: Ireland: As the Celtic Tiger roars its last», The Guardian. London.
  19. ↑ Wilson, James (2. september 2023): «Where does the name Ireland come from?», IrishCentral.com
  20. ↑ Room, Adrian (2006): Placenames of the World: Origins and Meanings of the names for 6,600 Countries, Cities, Territories, Natural Features and Historic Sites. 2. utgave, McFarland & Company, s. 176.
  21. ↑ Coleman, Marie (2013): The Irish Revolution, 1916–1923. Routledge. ISBN 978-1317801467; s. 230.
  22. ↑ Oliver, J.D.B. (2004): «What's in a Name?», i: Tiley, John, red.: Studies in the History of Tax Law. Hart Publishing. ISBN 1841134732; s. 181–183.
  23. ↑ Oliver (2004), s. 178; Daly (2007), s. 80
  24. ↑ «National Flag», Taoiseach.gov.ie. Department of the Taoiseach.
  25. 1 2 Sherry, Ruth (våren 1996): «The Story of the National Anthem», History Ireland. Dublin. 4(1); s. 39–43. Arkivert fra originalen den 4. november 2019.
  26. ↑ «Ceisteannea—Questions. Oral answers. – Saorstát National Anthem», Dáil Éireann (4th Dáil) – 16(21). 20. juli 1926.
  27. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 Hunt, Lindsay (1997). Opplev Irland. Oslo: Aschehoug. ISBN 8203221645.
  28. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 Clarke 1993.
  29. 1 2 «End of an era as Ireland closes its peat bogs 'to fight climate change'». the Guardian (på engelsk). 27. november 2018. Henta 12. august 2021. «When the semi-state company that harvests Ireland's peatlands recently announced the closure of 17 bogs, the news was greeted as the end of an era. Turning the soggy landscape that covers much of Ireland's midlands into a fuel source had been a great national project, an ambitious undertaking launched by the republic's founding fathers in the 1930s. Draining and cutting hundreds of thousands of hectares of turf on an industrial scale generated desperately needed jobs and reduced dependence on oil imports for almost a century.»
  30. 1 2 Tierney, Nessa (4. desember 2020). «How Ireland is abandoning its dirty fuel». www.bbc.com (på engelsk). Henta 12. august 2021. «As a country without its own oil, a limited supply of gas and almost no coal, turf has been an important fuel for Ireland, providing the island nation with some energy self-sufficiency. Many families still have an area of bog, often passed down through generations, from which they can harvest enough fuel to see them through the year. I»
  31. ↑ Roseingrave, Louise (18. april 2021): «Reindeer bone found in north Cork to alter understanding of Irish human history», Irish Examiner
  32. ↑ Brú na Bóinne Visitor Centre (Newgrange and Knowth), Heritage Ireland OPW
  33. ↑ McCaffrey, Carmel; Eaton, Leo 2002): In Search of Ancient Ireland: The Origins of the Irish from Neolithic Times to the Coming of the English, Ivan R. Dee, ISBN 978-1566635257
  34. ↑ «About Saint Patrick», Catholicsaintmedals.com
  35. ↑ Johnson, Ben: «St Patrick – The most celebrated Welshman in America?», Historic UK
  36. ↑ Andersen, Per Sveaas (1969). Vikingtid og rikssamling. Oslo: Cappelen.
  37. ↑ «The Viking Age in Ireland», National Museums of Ireland
  38. 1 2 Kjell Haugland: "Irsk nasjonalisme". Syn og Segn, 1972, 78. årgang, nr 10.
  39. ↑ Mokyr, Joel (1984): «New Developments in Irish Population History 1700–1850» (PDF), Irish Economic and Social History. XI: 101–121. hdl:10197/1406.
  40. ↑ «Population of Ireland 1841–2011», CSO
  41. ↑ Johnston, Wesley; Abbot, Patrick: «Prelude to the Irish Famine – Demographics», Wesleyjohnston.com
  42. ↑ «Population Change and Historical Perspective» (PDF), CSO
  43. ↑ «Local Government (Ireland) Act, 1898», ISB
  44. ↑ «The Protestant Ascendency», Discovering Ireland
  45. ↑ «Parliament Act 1911», UK Parliament
  46. ↑ «Government of Ireland Act 1914», UK Parliament
  47. ↑ Bardon, Jonathan (1992): A History of Ulster. Blackstaff Press. ISBN 0856404985; s. 402, 405.
  48. ↑ Coogan, Tim Pat (2009): Ireland in the 20th Century, Random House. ISBN 9781407097213; s. 127–128.
  49. 1 2 Irish Soldiers in the First World War, 1916 Commemorations. Department of the Taoiseach. 2010. Arkivert fra originalen 10. august 2011
  50. ↑ Hennessy, Dave (udatert): «The Hay Plan & Conscription in Ireland During WW1», Waterford County Museum
  51. ↑ «Irish Language and the Gaeltacht (within Census of Population 2016 – Profile 10 Education, Skills and the Irish Language)». Central Statistics Office.
  52. ↑ Road Traffic (Signs) (Amendment) Regulations 1970 (S.I. No. 164 of 1970). Signed on 16 July 1970. Statutory Instrument of the Government of Ireland.
  53. ↑ «Irish is third most used language – Census», Raidió Teilifís Éireann. 29. mars 2012.
  54. ↑ «An introduction to the Ulster-Scots Language», Ulster-Scots Agency
  55. ↑ «Population Density and Area Size F1013», Central Statistics Office (CSO). 29. juni 2023.
  56. ↑ «Eoin Colfer signs Artemis Fowl spin-off series deal», The Irish Times. 11. april 2018. Sitat: «Colfer is The New York Times best-selling author of eight books in the Artemis Fowl series, with sales in excess of 25 million copies.»
  57. ↑ Houston, Eugenie (2001): Working and Living in Ireland. Working and Living Publications. ISBN 0-9536896-8-9; s. 299.
  58. ↑ «The Chieftains – Irish American Hall of History», Ward Irish Music Archives
  59. ↑ «Paddy Moloney – leader of the Chieftains». Irish Music Daily (på amerikansk engelsk). Henta 10. august 2021.
  60. ↑ «The Chief of Irish Music | Irish America» (på amerikansk engelsk). Henta 10. august 2021.
  61. ↑ Historien om rock. Stabekk: Den norske bokklubben. 1988. ISBN 8252518109.
  62. ↑ «How The Clancy Brothers inspired Bob Dylan». RTE (på engelsk). 28. april 2021. Henta 10. august 2021. «Shortly after arriving from Minnesota, an eager and fidgeting Dylan met, followed and studied The Clancy Brothers. It was also his connection with the brothers that would help him break into the music industry.»
  63. ↑ «Liam Clancy obituary». the Guardian (på engelsk). 4. desember 2009. Henta 10. august 2021. «Among those who have claimed an influence are Sinéad O'Connor, the Pogues, Bono and the Dubliners.»
  64. ↑ Weber, Bruce (5. desember 2009). «Liam Clancy, Last of the Folk Group, Dies at 74». The New York Times (på amerikansk engelsk). ISSN 0362-4331. «Liam Clancy lived in Greenwich Village, where he befriended another young folk singer, Bob Dylan.»
  65. ↑ Mason, Anthony (24. mai 2015): «U2: What they're still looking for», CBS News
  66. ↑ Brennan, Helen (2001): The Story of Irish Dance. Rowman & Littlefield. ISBN 9781589790032.
  67. ↑ «The Megalithic Monuments of Ireland», Megalithomania. Arkivert fra originalen 6. februar 2017.
  68. ↑ «Drombeg Stone Circle, Cork», Megalithic Ireland
  69. ↑ «AD 43–410 Roman Iron Age», WorldTimelines.org.uk. Arkivert fra originalen 13. oktober 2010.
  70. ↑ Meinardus (2002), s. 130.
  71. 1 2 «AD 410–1066 Early medieval», WorldTimelines.org.uk. Arkivert fra originalen 12. oktober 2010.
  72. ↑ Moody (2005), s. 735.
  73. ↑ «Kells Historic Core Architectural Conservation Area», Meath County Council, 3. november 2021
  74. ↑ Valante, Mary A. (2008): The Vikings in Ireland: Settlement, Trade, and Urbanization. Dublin: Four Courts Press
  75. ↑ «Irish Castles», Castles.me.uk
  76. 1 2 Butlin R.A. (1977): The Development of the Irish Town, Croom Helm
  77. ↑ Greenwood (2003), s. 813.
  78. ↑ «The Later Middle Ages: 1350 to 1540», AskAboutIreland.ie
  79. ↑ «Early Tudor Ireland: 1485 to 1547», AskAboutIreland.ie
  80. 1 2 Greenwood (2003), s. 815.
  81. 1 2 «Thatching in Ireland», BallyBegVillage.com. Arkivert fra originalen 11. oktober 2017.
  82. ↑ «About Adamstown», South Dublin County Council. Arkivert fra originalen 3. september 2015
  83. ↑ «Docklands Authority – About Us», DDDA.ie. Arkivert fra originalen 27. september 2011.
  84. ↑ «About the RIAI», Riai.ie. Arkivert fra originalen 28. september 2010.
  85. ↑ Nash, Elias (16. februar 2023). «Colcannon: The Traditional Irish Side That's Perfect For St. Patrick's Day». The Daily Meal (på amerikansk engelsk). Henta 17. januar 2024.
  86. ↑ Sheehan, Seán; Levy, Pat (2003): Dublin, 2. utg., Footprint Travel Guides. ISBN 1-903471-66-4; p. 134. Sitat: «that most traditional of Irish workaday meals: bacon and cabbage»
  87. ↑ Cloake, Felicity (20. mars 2019). «How to cook the perfect colcannon». The Guardian (på britisk engelsk). ISSN 0261-3077.
  88. ↑ «Food & Drink in Ireland», Ireland Logue
  89. ↑ natronbrød, Brød & korn
  90. ↑ «korint», NAOB
  91. ↑ McElwain, Aoife (28. oktober 2017): «Now we know ... What's so spooky about barmbrack?», The Irish Times.
  92. ↑ GAA, offisielt nettsted
  93. ↑ «History of the Game», National Rounders Association. Arkivert fra originalen 23. februar 2006
  94. ↑ «Social and Economic Value of Sport in Ireland» (PDF), Esri.ie. Arkivert fra originalen (PDF) 12. juli 2015.
  95. ↑ Whelan, Daire (2006): Who Stole Our Game?. Gill & Macmillan Ltd. ISBN 0-7171-4004-0.
  96. ↑ «Senior Men», FAI
  97. ↑ «Senior Women», FAI
  98. ↑ Nowakowski, Wojciech (8. august 2023): «Morocco, Ireland, Portugal: All 8 Women's World Cup debutants and how far they made it», Her Football Hub
  99. ↑ «Ireland Are Grand Slam Champions!», IRFU. 21. mars 2009. Arkivert fra originalen 23. februar 2015.
  100. ↑ Selvey, Mike (17. mars 2011): «Ireland is learning to love cricket and deserves more visits from the elite», The Guardian. London.
  101. ↑ Bowen, Rowland (1970): Cricket: A History of its Growth and Development. Eyre & Spottiswoode.
  102. ↑ «About Netball», Netball Ireland
  103. ↑ Golf courses of Ireland, WorldGolf
  104. ↑ «Women's Light (60kg)». Henta 30. desember 2012.{{cite web}}: CS1 maint: deprecated archival service (link)
  105. ↑ «A long and winding road», Dublin Marathon. Arkivert fra originalen 10. august 2011

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Irland